← Tilbake til «Cowboy og indianar»
← Forslag Lek Endringsforskjell

Cowboy og indianar

Endrede felt

Beskrivelse

Ein spennande og kjekk leik for to lag.

Ein spennande og kjekk vassleik for to lag der indianarane prøver å fylle ei bøtte med vatn medan cowboyane prøver å stoppe dei. Perfekt for å ha det moro saman og trene på samarbeid og lagånd ein varm sommardag.

Fremgangsmåte

Set på førehand opp bana som på teikninga nedanfor. Tre fulle bøtter med vatn i den eine enden, midtbanemarkering, tauringen på midten av den andre banehalvdelen, med ei tom bøtte i midten av ringen.

 

Del speidarane inn i to lag med om lag like mange på kvart. Vel kven som skal vere cowboylaget og kven som skal vere indianarlaget (anten ved at du tek avgjersla, eller ved at éin frå kvart lag tek stein-saks-papir).

Del ut krus til indianarlaget. Indianarane si oppgåve er no å fylle vatn i krusa sine og springe til bøtta på cowboysida og fylle den med vatn – fram og tilbake. Cowboyane har ikkje lov til å gå inn på indianarsida, og tauringen på cowboysida er friområde for indianarane. Men cowboyane kan ta indianarane når dei er på veg inn i tauringen. Då må indianarane tømme ut vatnet dei har i kruset sitt.

Bytt side etter om lag halve tida. Vinnarane er det laget som fylte mest vatn i bøtta i tauringen. Understrek for speidarane at dette ikkje på nokon måte er vasskrig ...— vitsen er ikkje å grise med vatnet. vitsen er ikkje å grise med vatnet.

Forberedelser

• Set opp bana som vist på teikninga i framgangsmåten: indianarsida med tre fulle bøtter, midtbanemarkering, og cowboysida med tauringen og ei tom bøtte i midten.
• Fyll bøttene med vatn på førehand.
• Ha fleire ekstra bøtter klare med vatn, slik at ein raskt kan fylle på att.
• Del speidarane inn i to jamstore lag.

Varighet

Opprinnelig Forslag
30 - 60 min 30 min

Uendrede felt

Tittel Cowboy og indianar
Utstyr 1 papp- eller plastkrus til kvar «indianar» 1 tauring (eller noko anna til å ...
Aldersgrupper Småspeider, Stifinner, Vandrer, Rover
Mål V-3 Utfordre deg selv fysisk og psykisk i aktivitet med andre., K-4 Utvikle evner til logisk og taktisk tenking.
Årstid Vår, Sommer, Høst
Sted Ute