← Tilbake til «Cowboy og indianar»
Lek Trenger redigering
Nytt forslag
Nytt tomt forslag

Cowboy og indianar

Diff
Rediger

Ein spennande og kjekk vassleik for to lag der indianarane prøver å fylle ei bøtte med vatn medan cowboyane prøver å stoppe dei. Perfekt for å ha det moro saman og trene på samarbeid og lagånd ein varm sommardag.

Aldersgruppe

Småspeider Stifinner Vandrer Rover

Årstid

Vår Sommer Høst

Varighet

0-30 min

Sted

Ute

Bidrar til følgende mål

  • V-3Utfordre deg selv fysisk og psykisk i aktivitet med andre.97
  • K-4Utvikle evner til logisk og taktisk tenking.170

Forberedelser

  • Set opp bana som vist på teikninga i framgangsmåten: indianarsida med tre fulle bøtter, midtbanemarkering, og cowboysida med tauringen og ei tom bøtte i midten.
  • Fyll bøttene med vatn på førehand.
  • Ha fleire ekstra bøtter klare med vatn, slik at ein raskt kan fylle på att.
  • Del speidarane inn i to jamstore lag.

Utstyr

1 papp- eller plastkrus til kvar «indianar» 1 tauring (eller noko anna til å markere friområdet med) 4 bøtter (ha fleire enn det klare med vatn i) Tau e.l. til å markere midtbana (viss det er nødvendig)

Fremgangsmåte

Set på førehand opp bana som på teikninga nedanfor. Tre fulle bøtter med vatn i den eine enden, midtbanemarkering, tauringen på midten av den andre banehalvdelen, med ei tom bøtte i midten av ringen.

cowboyindianar.png

Del speidarane inn i to lag med om lag like mange på kvart. Vel kven som skal vere cowboylaget og kven som skal vere indianarlaget (anten ved at du tek avgjersla, eller ved at éin frå kvart lag tek stein-saks-papir).

Del ut krus til indianarlaget. Indianarane si oppgåve er no å fylle vatn i krusa sine og springe til bøtta på cowboysida og fylle den med vatn fram og tilbake. Cowboyane har ikkje lov til å gå inn på indianarsida, og tauringen på cowboysida er friområde for indianarane. Men cowboyane kan ta indianarane når dei er på veg inn i tauringen. Då må indianarane tømme ut vatnet dei har i kruset sitt.

Bytt side etter om lag halve tida. Vinnarane er det laget som fylte mest vatn i bøtta i tauringen. Understrek for speidarane at dette ikkje på nokon måte er vasskrig — vitsen er ikkje å grise med vatnet.

Vurdering

Todo

Kommentarer

KI-assistent 17.04.2026 16:42

Innholdet er i god stand, men nokre ting kan gjerast betre:
- Utstyrslista er kopiert som ein lang tekststreng utan linjeskift — bør formaterast som ei punktliste.
- Det manglar eit hovudbilde. Baneillustrasjon er inkludert i framgangsmåten, men eit foto av leken i aksjon ville vore fint.
- Tittelen "Cowboy og indianar" brukar omgrep som kan opplevast som kulturelt problematiske. Vurder om leken bør få eit nytt namn (t.d. "Vatntransport" eller "Fyll bøtta").