#

Cowboy og indianar Publisert på speiding.no ↗

Ein spennande og kjekk leik for to lag.

Aldersgruppe

Småspeider Stifinner Vandrer Rover

Årstid

Vår Sommer Høst

Varighet

30 - 60 min 0 - 30 min

Sted

Ute

Type

Aktivitet

Hvorfor

For å ha det moro og trene på samarbeid og lagånd.

Bidrar til følgende mål

  • V-3Utfordre deg selv fysisk og psykisk i aktivitet med andre.97
  • K-4Utvikle evner til logisk og taktisk tenking.170

Utstyr

1 papp- eller plastkrus til kvar «indianar» 1 tauring (eller noko anna til å markere friområdet med) 4 bøtter (ha fleire enn det klare med vatn i) Tau e.l. til å markere midtbana (viss det er nødvendig)

Fremgangsmåte

Set på førehand opp bana som på teikninga nedanfor. Tre fulle bøtter med vatn i den eine enden, midtbanemarkering, tauringen på midten av den andre banehalvdelen, med ei tom bøtte i midten av ringen.
 

cowboyindianar.png


Del speidarane inn i to lag med om lag like mange på kvart. Vel kven som skal vere cowboylaget og kven som skal vere indianarlaget (anten ved at du tek avgjersla, eller ved at éin frå kvart lag tek stein-saks-papir).

Del ut krus til indianarlaget. Indianarane si oppgåve er no å fylle vatn i krusa sine og springe til bøtta på cowboysida og fylle den med vatn – fram og tilbake. Cowboyane har ikkje lov til å gå inn på indianarsida, og tauringen på cowboysida er friområde for indianarane. Men cowboyane kan ta indianarane når dei er på veg inn i tauringen. Då må indianarane tømme ut vatnet dei har i kruset sitt.

Bytt side etter om lag halve tida. Vinnarane er det laget som fylte mest vatn i bøtta i tauringen. Understrek for speidarane at dette ikkje på nokon måte er vasskrig ... vitsen er ikkje å grise med vatnet.

Forfatter: Eirik Ulltang Birkeland (eirik.u.birkeland@speidar.net) Publisert: 30.11.2009

Sidestatistikk

12
Besøkende
Topp 59%
76.8%
Scrolldybde
Topp 10%
2m 46s
Tid per besøk
Topp 1%
0.01%
Andel av besøk
Topp 43%

Prioritering

Verdi for frivillige
Verdi for kontoret
Arbeidsmengde
2 + 2 1 = 3/5
Høy prioritet

Todo

Kommentarer

KI-assistent 17.04.2026 16:43

Oppretta éin SuggestedContent-post (lek #370) frå originalinnhaldet "Cowboy og indianar". Innhaldet er ei enkelt, sjølvstendig lek og vart ikkje delt opp. Beskrivelsen vart skrive om for å inkludere motivasjon (kvifor gjere dette), medan framgangsmåte, utstyr, aldersgrupper, programområde, årstider og stad vart kopiert frå originalen. Forberedelser vart lagt til som nytt felt. Baneillustrasjon (inline-bilde) er bevart i framgangsmåten.

Laster forslag…