Jakten
Endrede felt
Beskrivelse
Ein morosam og langvarig leik der alle deltakarane har eit hemmelig offer dei skal «ta» – på rett stad og med rett våpen – utan at nokon ser det. Perfekt for å skapa samhald og spenning på tur eller leir, der spelet kan gå over fleire dagar.
Fremgangsmåte
Gangen i speletSpelet startar med at dommaren deler ut offer til spelarane. Dette er ein lapp som dommaren deler ut med eit namn på. Alle spelarane får ein lapp med kvar sitt namn. Deretter lèt dommaren etter tur spelarane trekkja to lappar frå kvar si skål. Ein lapp med ein stad på og ein lapp med eit våpen på. Når alle har fått utdelt lappane sine, startar spelet.
Målet for alle spelarane er å ta offeret sitt på rett stad med rett våpen. Dersom ein spelar for eksempel har dei tre lappane «Hildegunn», «Kjøkken» og «Steikjepanne», må spelaren få Hildegunn med inn på eit kjøkken og røra ved henne med ei steikepanne. På den måten tek spelaren offeret sitt. For at det skal vera gyldig, kan det ikkje vera nokon vitne når ein utfører handlinga.
Om det er
Forberedelser
For å kunna organisera spelet best mogleg bør ein velja ein dommar. Denne dommaren bør ikkje delta i spelet sjølv.
Stader: Dommaren bør òg finna på like mange stader som det er spelarar med i spelet. Dette kan vera vanskeleg, spesielt med mange spelarar. Dersom det er vanskeleg å finna nok stader, kan det lagast fleire lappar for same stad. Dommaren skriv
Tildeling: Det er anbefalt at dommaren bestemmer kven som er offer for kven på førehand, i staden for at det blir trekking. Dette er for å unngå at deltakarar endar opp med seg sjølv som offer etter å ha teke nokon. Dommaren deler så ut offerlapp til kvar deltakar, og lèt dei trekkja ein stad-lapp og ein våpen-lapp.
Det kan vera lurt for dommaren å notera ned kven som skal ta kven, på kva plass og med kva våpen. Dette gjer ein for å unngå at spelet stoppar opp ved at folk mistar lappane sine og gløymer kven dei skal ta.
Utstyr
• Lappar (post-it eller papirlappar)
• To skåler eller posar (éi til våpen, éi til stader)
• Penn til dommaren for å notera
• To skåler eller posar (éi til våpen, éi til stader)
• Penn til dommaren for å notera
Kilder Fjernet felt
Varighet
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
| 0 - 30 min | 30 min |
Uendrede felt
Tittel
—
Jakten
Utfordringer og erfaringer
—
Det er ekstra gøy om dommaren lagar ei oppslagstavle med kven som er daude, o...
Aldersgrupper
—
Stifinner, Vandrer, Rover, Leder
Mål
—
K-4 Utvikle evner til logisk og taktisk tenking., V-3 Utfordre deg selv fysisk og psykisk i aktivitet med andre., V-9 Opplev, og bidra til, godt samhold i enheten.
Årstid
—
Hele året
Sted
—
Både inne og ute