Ein morosam og langvarig leik der alle deltakarane har eit hemmelig offer dei skal «ta» – på rett stad og med rett våpen – utan at nokon ser det. Perfekt for å skapa samhald og spenning på tur eller leir, der spelet kan gå over fleire dagar.
Aldersgruppe
Årstid
Varighet
Sted
Bidrar til følgende mål
- K-4Utvikle evner til logisk og taktisk tenking.170
- V-3Utfordre deg selv fysisk og psykisk i aktivitet med andre.97
- V-9Opplev, og bidra til, godt samhold i enheten.182
Forberedelser
For å kunna organisera spelet best mogleg bør ein velja ein dommar. Denne dommaren bør ikkje delta i spelet sjølv.
Våpen: Før spelet må dommaren finna på like mange våpen som det er personar med i spelet. Desse våpena blir skrivne ned på lappar som ein legg i ei skål. Våpena kan vera alt mellom himmel og jord. Det er ofte kjekkast med våpen som ikkje er så naturlege å gå rundt med. Eksempel kan vera eit liggjeunderlag, eit volleyballnett eller ein småspeidar. Det kan òg vera gøy med mindre konkrete ting – for eksempel ein gjenstand med temperatur under 0 °C.
Stader: Dommaren bør òg finna på like mange stader som det er spelarar med i spelet. Dette kan vera vanskeleg, spesielt med mange spelarar. Dersom det er vanskeleg å finna nok stader, kan det lagast fleire lappar for same stad. Dommaren skriv stadene på lappar og legg dei i ei skål. Stadene treng ikkje nødvendigvis å vera spesifikke – det går an å ha ein stad som er «Minst 1 meter over bakkenivå» eller liknande.
Tildeling: Det er anbefalt at dommaren bestemmer kven som er offer for kven på førehand, i staden for at det blir trekking. Dette er for å unngå at deltakarar endar opp med seg sjølv som offer etter å ha teke nokon. Dommaren deler så ut offerlapp til kvar deltakar, og lèt dei trekkja ein stad-lapp og ein våpen-lapp.
Det kan vera lurt for dommaren å notera ned kven som skal ta kven, på kva plass og med kva våpen. Dette gjer ein for å unngå at spelet stoppar opp ved at folk mistar lappane sine og gløymer kven dei skal ta.
Utstyr
- Lappar (post-it eller papirlappar)
- To skåler eller posar (éi til våpen, éi til stader)
- Penn til dommaren for å notera
Fremgangsmåte
Gangen i spelet
Spelet startar med at dommaren deler ut offer til spelarane. Dette er ein lapp som dommaren deler ut med eit namn på. Alle spelarane får ein lapp med kvar sitt namn. Deretter lèt dommaren etter tur spelarane trekkja to lappar frå kvar si skål. Ein lapp med ein stad på og ein lapp med eit våpen på. Når alle har fått utdelt lappane sine, startar spelet.
Målet for alle spelarane er å ta offeret sitt på rett stad med rett våpen. Dersom ein spelar for eksempel har dei tre lappane «Hildegunn», «Kjøkken» og «Steikjepanne», må spelaren få Hildegunn med inn på eit kjøkken og røra ved henne med ei steikepanne. På den måten tek spelaren offeret sitt. For at det skal vera gyldig, kan det ikkje vera nokon vitne når ein utfører handlinga.
Spelet held fram ved at ein tek over lappane til den ein har teke. Etter at ein spelar har teke nokon, må dommaren informerast slik at han kan notera det og ha kontroll på kven som er ute av spelet og ikkje. Den siste som overlever, vinn!
Om det er vitne
Dersom du ser at nokon blir tekne, må du med ein gong informera offeret og gjerningsmannen om dette – då vil det bli rekna som ugyldig. Det er framleis mogleg å ta offeret sitt med andre personar rundt, så lenge det blir gjort på ein slik måte at personane rundt ikkje får det med seg. Samarbeid og kreative løysingar er lov, men sjølve handlinga kan framleis ikkje bli oppdaga av andre enn gjerningspersonen. Det er opp til dommaren å dømme i tvilstilfelle.
Utfordringer og erfaringer
Det er ekstra gøy om dommaren lagar ei oppslagstavle med kven som er daude, og korleis det skjedde. Ikkje ta med kven som tok folk, men lag ei lita, kreativ forteljing om kvar hending.
Innholdet er godt og komplett. Mulige forbedringer:
- Varigheten er satt til 30 min, men spillet kan godt strekke seg over flere dager (f.eks. på leir). Det kan være verdt å presisere dette i beskrivelsen eller fremgangsmåten, og eventuelt justere varigheten.
- Det mangler et eksempel på en ferdig utfylt oppslagstavle eller en mal for dommaren – dette ville gjort det lettere å komme i gang.
- Bildet viser ungdommer som leker utendørs, men er ikke direkte knyttet til selve «Jakten»-spillet (som er mer hemmelig og strategisk). Et mer illustrerende bilde av f.eks. lappar, skåler eller en oppslagstavle kunne vært nyttig.