Morosam leik der deltakarane skal ta kvarandre. Sistemann som overlever, vinn.
Aldersgruppe
StifinnerVandrerRoverLeder
Årstid
Hele året
Varighet
0 - 30 min
Sted
Både inne og ute
Type
Aktivitet
Hvorfor
For å skapa samhald mellom deltakarar medan ein er på tur eller leir.
Bidrar til følgende mål
K-4Utvikle evner til logisk og taktisk tenking.170
V-3Utfordre deg selv fysisk og psykisk i aktivitet med andre.97
V-9Opplev, og bidra til, godt samhold i enheten.182
Forberedelser og forkunnskaper
Les om gangen i spelet.
For å kunna organisera spelet best mogleg bør ein velja ein dommar. Denne dommaren bør ikkje delta i spelet sjølv. Før spelet må den som er dommar, finna på like mange våpen som det er personar med i spelet. Desse våpena blir skrivne ned på lappar som ein legg i ei skål. Våpena kan vera alt mellom himmel og jord. Det er ofte kjekkast med våpen som ikkje er så naturlege å gå rundt med. Eksempel kan vera eit liggjeunderlag, eit volleyballnett eller ein småspeidar. Det kan òg vera gøy med mindre konkrete ting – for eksempel ein gjenstand med temperatur under 0 °C.
Dommaren bør òg finna på like mange stader som det er spelarar med i spelet. Dette kan vera vanskeleg, spesielt med mange spelarar. Dersom det er vanskeleg å finna nok stader, kan det lagast fleire lappar for same stad. Dommaren skriv så stadene på lappar og legg dei i ei skål. Stadene treng ikkje nødvendigvis å vera spesifikke – det går an å ha ein stad som er «Minst 1 meter over bakkenivå» eller liknande. Det er anbefalt at dommaren bestemmer dette for alle offer på førehand i staden for at det blir trekking. Dette er for å unngå at deltakarar endar opp med seg sjølv som offer etter å ha teke nokon.
Før spelet startar, må dommaren dela ut offer til alle deltakarane og la dei trekkja ein lapp frå kvar skål. Det kan vera lurt for den som er dommar, å notera ned kven som skal ta kven på kva plass, og med kva våpen. Dette gjer ein for å unngå at spelet stoppar opp ved at folk mistar lappane sine og gløymer kven dei skal ta.
Fremgangsmåte
Gangen i spelet:
Spelet startar med at dommaren deler ut offer til spelarane. Dette er ein lapp som dommaren deler ut med eit namn på. Alle spelarane får ein lapp med kvar sitt namn. Deretter lèt dommaren etter tur spelarane trekkja to lappar frå kvar si skål. Ein lapp med ein stad på og ein lapp med eit våpen på. Når alle har fått utdelt lappane sine, startar spelet.
Målet for alle spelarane er då å ta offeret sitt på rett stad med rett våpen. Dersom ein spelar for eksempel har dei tre lappane «Hildegunn», «Kjøkken» og «Steikjepanne» må spelaren få Hildegunn med inn på eit kjøkken og røra ved henne med ei steikepanne. På den måten tek spelarane offeret sitt. For at det skal vera gyldig, kan det ikkje vera nokon vitne når ein utfører handlinga. Spelet held fram ved at ein tek over lappane til den ein har teke. Etter at ein spelar har teke nokon, må dommaren informerast slik at han kan notera det og ha kontroll på kven som er ute av spelet og ikkje. Den siste som overlever, vinn!
Om det er vitne: Dersom du ser at nokon blir tekne, må du med ein gong informera offeret og gjerningsmannen om dette, for då vil det bli rekna som ugyldig. Det er framleis mogleg å ta offeret sitt sjølv med andre personar rundt, så lenge det blir gjort på ein slik måte at personane rundt ikkje får det med seg. Samarbeid og kreative løysingar er lov, men det at ein tek nokon, framleis ikkje bli oppdaga av andre enn gjerningspersonen. Det er opp til dommaren å dømme i tvilstilfelle.
Referanser
Foto: Floki Hansteen
Utfordringer og erfaringer
Det er ekstra gøy om dommaren lagar ei oppslagstavle med kven som er daude, og korleis det skjedde. Ikkje ta med kven som tok folk, men lag ei lita, kreativ forteljing om kvar hending.
Topp 95–100%: snitt 141.3 tid per besøk (82 sider)
Topp 90–95%: snitt 97.4 tid per besøk (82 sider)
Topp 85–90%: snitt 81.9 tid per besøk (83 sider)
Topp 80–85%: snitt 72.9 tid per besøk (82 sider)
Topp 75–80%: snitt 65.9 tid per besøk (83 sider)
Topp 70–75%: snitt 60.8 tid per besøk (82 sider)
Topp 65–70%: snitt 55.7 tid per besøk (83 sider)
Topp 60–65%: snitt 51.1 tid per besøk (82 sider)
Topp 55–60%: snitt 46.9 tid per besøk (83 sider)
Topp 50–55%: snitt 43.3 tid per besøk (82 sider)
Topp 45–50%: snitt 40.1 tid per besøk (82 sider)
Topp 40–45%: snitt 36.5 tid per besøk (83 sider)
Topp 35–40%: snitt 33.5 tid per besøk (82 sider)
Topp 30–35%: snitt 29.9 tid per besøk (83 sider)
Topp 25–30%: snitt 27.1 tid per besøk (82 sider)
Topp 20–25%: snitt 23.9 tid per besøk (83 sider)
Topp 15–20%: snitt 20.9 tid per besøk (82 sider)
Topp 10–15%: snitt 17.9 tid per besøk (83 sider)
Topp 5–10%: snitt 13 tid per besøk (82 sider)
Topp 0–5%: snitt 5.3 tid per besøk (82 sider)
Topp 9%
0.02%
Andel av besøk
Topp 95–100%: snitt 0.4 andel av besøk (82 sider)
Topp 90–95%: snitt 0.1 andel av besøk (82 sider)
Topp 85–90%: snitt 0.1 andel av besøk (83 sider)
Topp 80–85%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 75–80%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 70–75%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 65–70%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 60–65%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 55–60%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 50–55%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 45–50%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 40–45%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 35–40%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 30–35%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 25–30%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 20–25%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 15–20%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 10–15%: snitt 0 andel av besøk (83 sider)
Topp 5–10%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 0–5%: snitt 0 andel av besøk (82 sider)
Topp 29%
Prioritering
Todo
Kommentarer
KI-assistent17.04.2026 18:26
Opprettet én SuggestedContent-post (lek #1143) basert på originalinnholdet «Jakten». Innholdet er én sammenhengende aktivitet/lek og ble ikke delt opp. Teksten er skrevet om fra nynorsk til nynorsk med bedre struktur (tydelige overskrifter og avsnitt for våpen, stader og tildeling i forberedelsene). Hvorfor-feltet er integrert i beskrivelsen. Utstyrsliste er lagt til (manglet i originalen). Bildet er beholdt. Ingen lignende innhold ble funnet i databasen.
Opprettet én SuggestedContent-post (lek #1143) basert på originalinnholdet «Jakten». Innholdet er én sammenhengende aktivitet/lek og ble ikke delt opp. Teksten er skrevet om fra nynorsk til nynorsk med bedre struktur (tydelige overskrifter og avsnitt for våpen, stader og tildeling i forberedelsene). Hvorfor-feltet er integrert i beskrivelsen. Utstyrsliste er lagt til (manglet i originalen). Bildet er beholdt. Ingen lignende innhold ble funnet i databasen.