#

Senk heliumpinnen Publisert på speiding.no ↗

Enkel og morosam samarbeidsoppgåve.

Aldersgruppe

Småspeider Stifinner Vandrer Rover

Årstid

Hele året

Varighet

0 - 30 min

Sted

Både inne og ute

Type

Aktivitet

Hvorfor

For å lære å samarbeide og kommunisere med kvarandre i små og mellomstore grupper.

Bidrar til følgende mål

  • V-4Utvikle dine kommunikasjonsevner.82
  • K-4Utvikle evner til logisk og taktisk tenking.170

Forberedelser og forkunnskaper

Finn fram / få tak i det som skal vere «heliumpinnen». For ordens skuld, pinnen eller stonga inneheld ikkje helium. Hemmelegheiten (som det er lurt å halde for seg sjølv) er at presset oppover kjem av at alle passar på å ha fingrane nok løfta til at dei er borti heliumpinnen. Dette presset frå alle saman vil skape nok kraft til å heve pinnen i staden for å senke han. Ei gruppe på mellom åtte og tolv personar er det optimale. Det bør ikkje vere færre enn seks eller fleire enn 14.

Utstyr

Ein «heliumpinne». Det som kanskje er det lettaste å få tak i er ei teltstong av den heilt tynne, «moderne» typen. Andre lange pinnar eller stenger kan også brukast, så lenge dei er lette og tynne. Elles finst det stenger som er laga spesielt til denne aktiviteten, men dei må ein nok til spesialbutikkar for å få tak i.

Fremgangsmåte

Fortel deltakarane at dei må stille seg opp i to rekkjer med ansikta mot kvarandre. Deretter må dei strekkje ut hendene, og peike på den dei står mot med begge peikefingrane. Vis fram det du kallar «heliumpinnen», ei lang, tynn og lett stong. Så legg du heliumpinnen ned på peikefingrane til deltakarane og ber dei om å justere høgda dei held fingrane i, slik at heliumpinnen ligg heilt vassrett.

Forklar no at målet/utfordringa deira er å klare å senke heliumpinnen heilt ned til golvet. Det er òg viktig at du seier at alle peikefingrane må vere i kontakt med heliumpinnen heile tida. Det er ikkje lov å gripe om eller ta i heliumpinnen med andre fingrar e.l. Fortel deltakarane at dersom det vert oppdaga at ein av peikefingrane ikkje er borti heliumpinnen, må ein starte om att. Så set du dei i gang.

I byrjinga har heliumpinnen ein tendens til å verte løfta i staden for å gå nedover, noko som ofte skaper ein del latter. For å leggje endå litt humor til, kan du late som at du er overraska over dette og spørje: «Kvifor driv de og løftar pinnen? Det var jo senke han de skulle!» Du som oppgåveleiar kan også for moro skuld prøve å presse pinnen litt nedover med peikefingeren din dersom han går alt for mykje oppover.

Etter å ha prøvd i 510 minutt utan å lukkast, kan det hende heile gruppa eller enkeltpersonar er i ferd med å gje opp, anten fordi dei trur det er umogleg å få det til, eller fordi det er for vanskeleg. Dette vil skje oftare i større grupper enn i små grupper. Då er det lurt at du som oppgåveleiar bryt inn med direkte framlegg til korleis dei kan få det til, eller ber dei om å stoppe, slik at ein kan diskutere seg fram til ein felles strategi før ein prøver igjen.

Ein sjeldan gong kan det òg hende at gruppa klarer oppgåva for fort, og utan noka form for problem. Dersom dette ser ut til å vere tilfellet, er det viktig at du er ekstra streng med å påpeike fingrar som ikkje er borti pinnen. La også deltakarane senke pinnen heilt ned i bakken før oppgåva er ferdig. For å gjere det endå vanskelegare, kan du henge noko inn på kvar ende av pinnen og fortelje at dette heller ikkje må falle av, då vert det omstart.

Til slutt vil gruppa forhåpentlegvis klare å roe seg ned, konsentrere seg og sakte, men sikkert, klare å senke heliumpinnen, sjølv om det er lettare sagt enn gjort.

Diskusjon i etterkant
Her er nokre spørsmål du kan stille til deltakarane i etterkant for å få dei til å tenkje over kva dei har drive med, og kvifor dei har gjort det.

  • Kva var den fyrste reaksjonen då de forstod kva oppgåva gjekk ut på?
  • Kor godt klarte gruppa denne utfordringa?
  • Kva ferdigheiter er nødvendig for å klare ei slik oppgåve?
  • Kva for kreative løysingar kom de opp med? Korleis vart desse mottekne av dei andre?
  • Kva ville ein utanforståande ha sett på som styrkar og svakheiter ved gruppa?
  • Kva roller hadde dei ulike personane?
  • Kva fekk kvar og ein av dykk ut av denne oppgåva?
  • Kvar kan ein finne andre situasjonar i dagleglivet som liknar den med heliumpinnen? (Både når det gjeld samarbeidsdelen og det som går på prestasjonspress.)
Forfatter: Eirik Ulltang Birkeland (eirik.u.birkeland@speidar.net) Publisert: 13.03.2009

Sidestatistikk

13
Besøkende
Topp 58%
64.5%
Scrolldybde
Topp 49%
1m 43s
Tid per besøk
Topp 6%
0.01%
Andel av besøk
Topp 43%

Prioritering

Verdi for frivillige
Verdi for kontoret
Arbeidsmengde
? + ? ? =
Ikke prioritert

Todo

Kommentarer

KI-assistent 17.04.2026 18:54

Opprettet én SuggestedContent-post (#1549) «Senk heliumpinnen» som aktivitet. Innholdet er én tydelig, selvstendig aktivitet og ble ikke delt opp.

Originalen var på nynorsk – forslaget er skrevet om til bokmål for konsistens med resten av databasen. Fremgangsmåten er strukturert med tydelige overskrifter (Oppgaven, Gjennomføring, Diskusjon i etterkant), og «hemmeligheten» bak aktiviteten er beholdt i forberedelsene. Refleksjonsspørsmålene fra originalen er tatt med i sin helhet.

Ingen eksisterende innhold i databasen dekker denne aktiviteten.

Laster forslag…