← Tilbake til ««Om alle tre var like»»
← Forslag Sang og dikt Endringsforskjell

«Om alle tre var like» – dikt av Jan Magnus Bruheim

Endrede felt

Tittel

«Om alle tre var like» – dikt av Jan Magnus Bruheim

Beskrivelse

Eit dikt som kan brukast som ord for dagen.

Eit dikt av Jan Magnus Bruheim om verdien av mangfald – i naturen og blant menneske. Passar godt som ord for dagen eller som utgangspunkt for ein samtale om likskap og ulikskap.

Fremgangsmåte

Om alle tre var like,

og alle blomar blå.

Og alle fuglar svarte,

og alle dyra grå.  

Det trur eg ville gjera

oss meir enn vondt å sjå.

Om vi var like store,

og gjekk i like klær.

Og om vi alltid hadde

kvar dag det same vêr.  

Det ville vera meire

enn trist å leva her.

Om alle hus var like,

med same mat på bord.

Og om vi tala saman

alltid det same ord.  

Då vart det liten trivnad

her nede på vår jord.

Nei, dette rike mangfald

vi kringom oss kan sjå,

av ymse dyr og fuglar

og tre og blom og strå.  

At alt er skapt så ulikt,

er godt å tenkje på.

Jan Magnus Bruheim

KjelderFoto: Markus Spiske, Unsplash

Kilder Fjernet felt

Foto: Markus Spiske, Unsplash

Sted

Opprinnelig Forslag
Både inne og ute
Ingen

Varighet

Opprinnelig Forslag
0 - 30 min Ikke satt

Uendrede felt

Aldersgrupper Bever, Småspeider, Stifinner, Vandrer, Rover
Mål L-2 Bli bevisst på, og utfordre, egne verdier og holdninger, og bli kjent med hva andre står for.
Årstid Hele året