Elektronikkbygging
Endrede felt
Beskrivelse
Speidarane byggjer modellar frå elektronikkbyggjesett – anten i patrulje eller individuelt. Ein praktisk og engasjerande aktivitet som gjev erfaring med teknologisk utstyr, og som passar godt som del av ei JOTA/JOTI-helg eller eit vanleg speidarmøte.
Fremgangsmåte
Gjennomføring1. Førebu delane – set deg inn i kva delar som trengst til dei aktuelle modellane før speidarane kjem. Pass på at delane ikkje rotar seg utover, og at berre dei nødvendige delane er tilgjengelege for kvar oppgåve.
2. Vel modell – la speidarane velje modell sjølv frå katalogen som følgjer med settet, eller vel ut modellar på førehand som passar aldersgruppa.
3. Bygg – speidarane følgjer oppskrifta i katalogen og byggjer modellen. Gje hjelp undervegs der det trengst.
4. Rydd – be speidarane rydde delane på plass når dei er ferdige, slik at neste patrulje også må finne fram dei rette delane sjølv.
5. Gje ekstraoppgåver – om nokon blir raskt ferdige, kan dei få ein ny og gjerne vanskelegare modell å byggje.
Forberedelser
• Kjøp eitt eller fleire elektronikkbyggjesett (til dømes frå leikebutikk eller spesialforretning). Vel gjerne sett med mange ulike byggjemoglegheiter.
• Gå gjennom katalogen som følgjer med settet, og vel ut modellar som passar aldersgruppa – eller la speidarane velje sjølv.
• Sørg for at batteri er tilgjengeleg dersom det ikkje følgjer med i settet.
• Set deg inn i kva delar som trengst til dei aktuelle modellane, slik at du kan hjelpe speidarane undervegs.
Utstyr
Utfordringer og erfaringer
Ta ei vurdering etter at fyrsteførste patrulje er ferdige: Var dei modellane du hadde valt for vanskelege? Eller for lette? Gjer itilpassingar så fall tilpassingar/endringar dersom du rekk det før neste patrulje kjem. «Oppskrifta» her er tilpassa ei rundløype under ei JOTA/JOTI-helg, men aktiviteten kan sjølvsagt gjerne brukast på eit vanleg speidarmøte i staden.
Opplegget er tilpassa ei rundløype under ei JOTA/JOTI-helg, men aktiviteten kan gjerne brukast på eit vanleg speidarmøte i staden.
Opplegget er tilpassa ei rundløype under ei JOTA/JOTI-helg, men aktiviteten kan gjerne brukast på eit vanleg speidarmøte i staden.
Ressurser Nytt felt
• Elektronikkbygging kan vere ein av aktivitetane når ein tek fordjupingsmerket JOTA/JOTI.
Sted
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
|
Ute
|
Inne
|
Varighet
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
| 30 - 60 min | 45 min |
Fysisk intensitet
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
| Ikke satt | Fysisk lav intensitet |
Uendrede felt
Tittel
—
Elektronikkbygging
Aldersgrupper
—
Småspeider, Stifinner, Vandrer
Mål
—
K-5 Få øvelse i bruk og vedlikehold av teknologisk utstyr., K-12 Utvikle nysgjerrighet, og få øvelse i å utføre vitenskapelige eksperimenter., V-1 Utvikle dine samarbeidsevner.
Årstid
—
Hele året