FNs barnekonvensjon – kortversjon
Endrede felt
Tittel
FNs Barnekonvensjonbarnekonvensjon (kort– versjon)kortversjon
Beskrivelse
Ei kortfatta oversikt over alle 42 artiklane i FNs barnekonvensjon, på nynorsk. Nyttig referanse for speidarar og leiarar som vil lære om kva for rettar alle barn har.
Fremgangsmåte
FNs barnekonvensjon slår fast kva for rettar alle barn under 18 år har. Her er ein kortversjon av alle artiklane:
1. Alder 18 år Alle under 18 år er barn, dersom ikkje ein tidlegare alder er lovfesta av staten.
2. Ingen diskriminering
Rettane i konvensjonen gjeld for alle barn utan forskjellsbehandling og utan omsyn til barnet og foreldra sin rase, farge, kjønn, språk, religion, opphav, eigedom, funksjonshemming eller oppfatningar. Staten skal sørgje for at ingen blir diskriminerte.
3. Til barnets beste
Handlingar som vedgår barn som blir sette i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best.
4. Statens ansvar
Det er staten sitt ansvar å setje barnerettane ut i livet.
5. Foreldreansvaret
Staten skal respektere dei rettane og pliktene foreldra og andre føresette har for å gi barnet rettleiing og støtte slik at barnet skal kunne hevde rettane til konvensjonen.
6. Rett til liv
Staten pliktar så langt som mogleg å sørgje for at barn overlever og veks opp.
7. Namn og statsborgarskap
Barnet har, rett etter fødselen, rett til namn og nasjonalitet, og så langt det er mogleg, å kjenne til foreldra sine og få omsorg frå dei.
8. Identitet
Staten skal respektere retten til barnet om å halde på identiteten sin, medrekna nasjonalitet, namn og familieforhold.
9. Halde familien samla
Barnet skal ikkje skiljast frå foreldra sine mot eigen vilje, unnteke når dette er nødvendig av omsyn til kva som gagnar barnet best.
10. Å sameine familien
Søknader om å sameining av familiar over landegrenser skal handsamast på ein positiv, human og rask måte. Barnet har rett til regelmessig kontakt med begge foreldra.
11. Ulovleg utføring og tilbakehald
Staten skal kjempe mot at barn blir tekne ulovleg ut av eit land eller hindra frå å vende tilbake.
12. Å seie meininga si
Barnet har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal leggjast vekt på.
13. Få og gi informasjon
Barnet har rett til ytringsfridom, til å søkje, ta imot og spreie informasjon og idear av alle slag og på alle måtar.
14. Tanke-, samvits- og religionsfridom
Barnet har rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Staten skal respektere rettane og pliktene til foreldra til å opplyse barnet om rettane sine i slike spørsmål.
15. Organisasjonsfridom
Barnet har rett til organisasjonsfridom og rett til å vere med i samkomer.
16. Rett til privatliv
Barnet skal ikkje bli utsett for vilkårleg eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt, i familien, i heimen eller i korrespondansen sin.
17. Massemedia
Staten skal sikre barn tilgang til informasjon frå eit mangfald av nasjonale og internasjonale kjelder, og verne barna mot skadeleg informasjon.
18. Foreldreansvaret
Begge foreldra har eit hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet etter kva som er best for barnet.
19. Vern mot misbruk
Staten skal verne barnet mot fysisk eller psykisk mishandling, vanstell eller utnytting frå foreldre og andre omsorgspersonar.
20. Barn utan omsorg frå familien
Barn som er utan familiemiljø, har særleg rett på vern og omsorg, til dømes ved plassering i fosterheim eller adopsjon.
21. Adopsjon
Nasjonal og internasjonal adopsjon skal berre finne stad i samsvar med lova og skal vere autorisert av styresmaktene.
22. Flyktningbarn
Barn som søkjer flyktningstatus eller som blir sett på som flyktningar, skal få nødvendig vern og humanitær hjelp.
23. Funksjonshemma barn
Psykisk og funksjonshemma barn har rett til å leve eit fullverdig og anstendig liv under tilhøve som sikrar barnet sin vørdnad og lettar aktiv deltaking i samfunnet.
24. Helse
Barnet har rett til å få beste moglege medisinske behandling og hjelp til å kome seg etter sjukdom.
25. Barn under offentleg omsorg
Barn plassert i omsorgstiltak utanfor familiemiljøet har krav på regelmessig vurdering av behandlinga og opphaldet der.
26. Sosialtenester
Staten skal sikre at barnet får den sosiale hjelpa og den økonomiske stønaden det har krav på etter lovene i landet.
27. Levestandard
Barnet har rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg på alle område.
28. Utdanning
Barnet har rett til utdanning. Staten skal gjere grunnskuleutdanninga gratis og obligatorisk.
29. Målet med utdanning
Utdanninga skal fremje utvikling av personlegdommen til barnet og skape respekt for menneskerettane og haldningar om fred, toleranse og vennskap mellom folk.
30. Minoritetar og urfolk
Barn som høyrer til ein minoritet eller urfolk, har rett til saman med andre i gruppa si å nyte godt av kulturen sin, utøve religionen og bruke sitt eige språk.
31. Leik og fritid
Barnet har rett til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv.
32. Barnearbeid
Barnet har rett til å bli verna mot økonomisk utnytting i arbeid og mot å utføre arbeid som kan svekkje høve til utdanning eller utvikling.
33. Narkotika
Barnet har rett til å bli verna mot ulovleg bruk, omsetjing og produksjon av narkotiske stoff.
34. Seksuell utnytting
Barnet har rett til vern mot alle former for seksuell utnytting og misbruk.
35. Bortføring, prostitusjon og sal
Staten har plikt til å gjennomføre nasjonale og internasjonale tiltak for å hindre kidnapping, bortføring eller sal av barn.
36. Anna utnytting
Staten har plikt til å verne barnet mot alle former for utnytting som er skadeleg for barnet si velferd.
37. Fengsel, dødsstraff og tortur
Barn skal ikkje bli utsette for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Dødsstraff eller fengsel på livstid utan høve til lauslating er ikkje tillete for handlingar utførde før fylte 18 år.
38. Barn i krig
Staten skal setje i verk tiltak for å hindre at barn som ikkje er fylt 15 år, tek direkte del i krigføring.
39. Rehabilitering og reintegrering
Staten pliktar å sikre rehabilitering og samfunnsmessig attendeføring av barn som er offer for misbruk, utnytting, tortur eller væpna konfliktar.
40. Behandling i saker om straff
Barn som er skulda eller dømd for straffbare handlingar, har rett til ei behandling som sikrar vørdnad og fremjar respekt for menneskerettane.
41. Når andre lover er betre
Dersom andre nasjonale eller internasjonale lover sikrar barnet betre enn denne konvensjonen, gjeld desse lovene.
42. Kjennskap til konvensjonen skal spreiast
Staten har plikt til å gjere innhaldet i konvensjonen kjent for barn og vaksne.
Alle barn har rettar – uansett kven dei er, eller kvar dei kjem frå. FNs barnekonvensjon er det viktigaste internasjonale dokumentet om rettane til barn, og det er ratifisert av nesten alle land i verda. Å kjenne til desse rettane gjer at barn og unge kan forstå kva dei har krav på, og kva andre barn rundt om i verda har krav på.
Kilder og referanser• FNs barnekonvensjon – full tekst (UNICEF Norge)
• Barnekonvensjonen på regjeringen.no
Aldersgrupper
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
| Ingen |
Stifinner
Vandrer
Rover
Leder
|
Mål
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
|
V-12 Arbeid for likeverd og forståelse mellom mennesker.
S-1 Bli kjent med demokratiske verdier, og bruk din rett til medbestemmelse.
S-13 Bli kjent med ulike kulturer og samfunnsgrupper, og mennesker som tilhører disse.
|
S-1 Bli kjent med demokratiske verdier, og bruk din rett til medbestemmelse.
S-13 Bli kjent med ulike kulturer og samfunnsgrupper, og mennesker som tilhører disse.
V-12 Arbeid for likeverd og forståelse mellom mennesker.
|
Årstid
| Opprinnelig | Forslag |
|---|---|
| Ingen |
Hele året
|