Speiderne lærer om jentespeidinga si historie ved å vere aktive deltakarar i fortellinga – kvar rolle har sin eigen bevegelse. Ein engasjerande og rørslebasert måte å formidle historia om korleis jentespeiding starta, frå Baden-Powell og Agnes til Tenkedagen og WAGGGS.
Aldersgruppe
Årstid
Varighet
Sted
Bidrar til følgende mål
- L-1Utvikle forståelse for speidingens verdigrunnlag og viktige særtrekk ved egen organisasjon.101
- V-11Bli kjent med speidingen og speiderbevegelsen i andre land, og vær i kontakt med speidere fra andre land.40
- K-2Utvikle hukommelsen din.136
Forberedelser
- Les gjennom historia på førehand slik at du kan lese ho flytande og med innleving.
- Skriv opp rollane og bevegelsane på ein tavle eller eit ark som alle kan sjå, eller del ut lapper med kvar si rolle og bevegelse.
- Del ut roller til alle speidarane – fleire kan ha same rolle.
Utstyr
- Utskrift av historia (sjå bildet i aktiviteten, eller last ned heftet for aktivitetspakken Tenkedagen 2025)
- Eventuelt: lapper med rollane og bevegelsane til kvar deltakar
- Speidarskjerf (til dei som har rolla Olave)
Fremgangsmåte
Slik gjer du
Del ut ulike roller til speidarane. Fleire speidarar kan ha same rolle. Kvar rolle har ein bevegelse dei skal gjere når dei høyrer si rolle bli nemnt i fortellinga. Speidarane kan gjerne sitte medan dei høyrer på fortellinga, men må reise seg opp når dei skal gjere sin bevegelse.
Rollane og bevegelsane:
- Verda: snurr rundt
- Jente/jenter: løft knyttnevane i vêret og vis musklar
- Olave: sving speidarskjerfet i lufta
- Speidar/speiding: gjer speidarhelsinga
- Baden Powell: lat som at du løftar på ein hatt
- Agnes: flaks som ein fugl
- Tenkedagen: tenkepositur
Les historia høgt for gruppa:

Historia i kortversjon (til leiar):
Den 1. august 1907 samla Robert Baden-Powell 20 gutar til den første eksperimentelle speidar-leiren på Brownsea Island i England. Etter leiren vart boka "Speiding for gutar" publisert, og gutar starta å danne speidartropper over heile verda. I 1909 inviterte Baden-Powell "alle som driv med speiding" til ei stor samling på Crystal Palace i England – og over 11 000 gute-speidarar møtte opp. Saman med gutane kom det ei gruppe med jenter. Baden-Powell spurte: "Kven er dykk?" – "Vi er jente-speidarar," svarte dei. Baden-Powell si søster Agnes var også der, og ho foreslo at han burde skrive ei bok for jente-speidarar også. Etter å ha diskutert det med søstra si, Agnes Baden-Powell, bestemte dei seg for å starte ei rørsle for jenter kalla "Girl Guides". I 1910 starta jente-speiding. Agnes Baden-Powell var veldig ivrig og jobba hardt med jente-speidinga. Robert Baden-Powell pensjonerte seg frå Forsvaret i 1910 og reiste rundt i verda for å hjelpe til med vekst og gi inspirasjon.To år seinare møttest Robert Baden-Powell og Olave Soames på eit cruise-skip og vart seinare gift. Olave visste ikkje så mykje om jente-speiding frå før, men starta å hjelpe Baden-Powell og vart veldig engasjert. Olave – Lady Baden-Powell – reiste verda rundt og hjelpte til med å sette opp eit internasjonalt råd, som no heiter "The World Association of Girl Guides and Girl Scouts", som vi kallar WAGGGS. I 1926 møttest delegatar frå speidarorganisasjonar frå heile verda i USA til den fjerde verdskonferansen. Dei bestemte seg for å lage ein dag for jente-speiding for å feire at dei var ein del av ei internasjonal rørsle verda rundt. Delegatane valde å halde den første feiringa på den delte bursdagen til Lord Baden-Powell og kona hans Olave, og Tenkedagen vart fødd.
Namnet på dagen vart endra til "Verdstenkedagen" på den 30. verdskonferansen i Dublin i 1999. Gjennom åra har Verdstenkedagen blitt ein måte for jenter å lære om saker som er viktig for jenter og unge kvinner i heile verda. Kvart år er det ulike tema som jente-speidarar rundt om i verda kan lære om og ta del i. I 2025 er temaet "Historia Vår" – ei sjanse til å reflektere over fortida, notida og framtida av rørsla og sjå fram mot ei framtid der jente-speiding held fram med å støtte og løfte opp jenter verda rundt.
Mangler / todos: