#

Vår fortid - Speiding gjennom WAGGGS-kløveren Publisert på speiding.no ↗

vår fortid
I denne aktiviteten skal speidarane bli betre kjent med WAGGGS-kløveren, ved å gjere oppgåver for å samle dei ulike delane av emblemet

Aldersgruppe

Bever Småspeider Stifinner Vandrer

Årstid

Hele året

Varighet

30 - 60 min

Sted

Inne

Type

Aktivitet

Fremgangsmåte

Start gjerne aktiviteten med å spørre speidarane om dei veit korleis det ser ut (tips: mange har emblemet sydd på speidarskjorta si!). Fortel speidarane om betydninga av dei ulike elementa:

 

Nåla representerer ei kompassnål som viser veg.
Stilken representerer ein flamme for medmenneskelegdom.
Dei to stjernene representerer Speidarløftet og Speidarlova.
Dei tre blada representerer det trefoldige Speidarløftet som originalt vart avgitt av Robert
Baden-Powell.

Fargen gullblå bakgrunn representerer sola som skin på alle barna i verda.

Aktivitet for dei minste:

Utstyr

  • Ein WAGGGS-kløver utan fargar til kvar speidar (print ut vedlegg)
  • Blå og gule/gullfarga fargeblyantar eller tusjar
  • Ekstra ark

Målet til speidarane er å få tak i begge fargane dei treng for å fargelegge
WAGGGS-kløveren. For å få den gule/gullfarga fargeblyanten må speidaren fortelle om ei god gjerning dei har gjort den siste veka. For å få den blå fargeblyanten må speidaren skrive eller teikne noko som minner dei om fred.

Aktivitet for dei større:
Førebuing
Print ut vedlegga slik at det blir eitt sett til kvar speidar (eventuelt eitt til kvar patrulje). Klipp arket med dei gule elementa opp i fire delar slik at ein kan gi ut eitt og eitt element, men la speidarane sjølv gjere finklippinga av sjølve elementet når dei får det.

Utstyr

  • Kompass
  • Saks
  • Tau til å lage knute med
  • Ein plakat eller eit ark med Speidarløftet og Speidarlova på

Slik gjer du
Målet til speidarane er å få tak i alle elementa dei treng til å lage WAGGGS-kløveren. Dei kan gjere det åleine, eller som patrulje.

For å få nåla skal speidarane bruke kompasset til å finne ut kva retning som er nord.

For å få stilken skal speidarane fortelle om ei god gjerning dei har gjort den siste veka.

For å få stjernene skal speidarane lese Speidarløftet og Speidarlova. Saman med patrulja
eller ein annan speidar skal dei lage ein presentasjon av det dei har lest, anten ved å
teikne/måle det, eller ved å dramatisere det.

For å få blada skal speidarane lage ein båtmannsknop.

 

Se heftet for aktivitetspakken Tenkedagen 2025 her

Publisert: 09.01.2025

Sidestatistikk

34
Besøkende
Topp 34%
72.5%
Scrolldybde
Topp 19%
56s
Tid per besøk
Topp 32%
0.02%
Andel av besøk
Topp 29%

Prioritering

Verdi for frivillige
Verdi for kontoret
Arbeidsmengde
? + ? ? =
Ikke prioritert

Todo

Kommentarer

KI-assistent 17.04.2026 18:29

Originalen inneheldt éin aktivitet med to tydelig adskilte varianter – ei for dei minste (Bever/Småspeider) og ei for dei større (Stifinner/Vandrer) – pluss faktainformasjon om WAGGGS-kløveren. Eg valde å dele dette opp i tre SuggestedContent-postar:

  1. Aktivitet #1167 – «Lær om WAGGGS-kløveren – fargelegg emblemet» (Bever/Småspeider): Den enkle varianten der speiderne fargeleg kløveren etter å ha gjort seg fortjent til fargane ved å fortelje om ei god gjerning og teikne noko som minner om fred.

  2. Aktivitet #1168 – «Lær om WAGGGS-kløveren – samle elementa til emblemet» (Stifinner/Vandrer): Den meir avanserte varianten der speiderne samlar kløver-element ved å bruke kompass, fortelje om gode gjerningar, presentere Speidarløftet og Speidarlova, og lage ein båtmannsknop.

  3. Fagstoff #1169 – «WAGGGS-kløveren – symbolikk og betydning»: Faktainformasjonen om kva dei ulike elementa i kløveren symboliserer, skilt ut som eige fagstoff som kan lenkas til frå begge aktivitetane og brukast sjølvstendig.

Oppdelinga gjer at kvar aktivitet kan brukast uavhengig av den andre, og at fagstoffet kan gjenbrukast i andre samanhengar der WAGGGS-kløveren er relevant.

Laster forslag…