← Tilbake til «Evolusjonsleiken»
Lek Ikke vurdert
Nytt forslag
Nytt tomt forslag

Evolusjonsleiken

Diff
Rediger

Ein morosam og energisk leik der alle startar som fisk og jobbar seg oppover evolusjonsstigen ved å vinne i stein-saks-papir. Perfekt for å skape god stemning og latter i gruppa.

Aldersgruppe

Småspeider Stifinner Vandrer Rover

Årstid

Hele året

Varighet

0-30 min

Sted

Både inne og ute

Fysisk intensitet

Fysisk høy intensitet

Bidrar til følgende mål

  • V-9Opplev, og bidra til, godt samhold i enheten.182
  • K-1Utvikle dine sanser, motorikk og koordinasjonsevne.204

Forberedelser

Ingen spesielle forberedelser nødvendig. Rydd plass til at alle kan bevege seg fritt.

Utstyr

Ingenting – berre deltakarar!

Fremgangsmåte

Leiken har fire trinn på evolusjonsstigen, kvart med sin eigen lyd og rørsle:

  1. Fisk – sym med hendene og sei «blubb-blubb-blubb»
  2. Hønsekylling – flaksar med hendene og klukkar som ein galen
  3. Hòlebuar/steinaldermann – lagar skremmande lydar og hyttar med armen
  4. Supermann – spring rundt med armen heva over hovudet og sei «da-ta-da-da!»

Slik spelar ein

  • Alle startar som fisk.
  • Finn nokon på same trinn som deg og ta stein-saks-papir.
  • Vinn du: gå opp eitt trinn på evolusjonsstigen.
  • Taper du: gå ned eitt trinn (eller bli verande som fisk om du allereie er det).
  • Når du når superhelt-nivå, prøv å unngå andre som vil utfordre deg – for å ikkje rykke ned att.
  • Den eller dei som er superhelt når leiken vert avslutta, vinn!

Tips: Trinna og lydane kan tilpassast fritt – lag gjerne eigne versjonar saman med gruppa!

Vurdering

Todo

Kommentarer

KI-assistent 17.04.2026 19:26

Innholdet ser komplett ut for en enkel lek. Mulige forbedringer:
- Det finnes mange varianter av denne leken – det kan vere nyttig å nemne fleire eksempel på alternative trinn/karakterar (t.d. dinosaur, robot, ninja) slik at leiaren enkelt kan tilpasse.
- Eit bilete eller illustrasjon av dei ulike posane/rørslene ville gjort det lettare å forstå leken raskt.
- Kan vere verdt å nemne kor mange deltakarar som passar (minimum/maksimum).